Gebyr til Statens Vegvesen for ulovleg direkte anskaffing av gravearbeid og rekkverksarbeid i samband med bygging av ny gang- og sykkelveg.

Klagenemnda for offentlige anskaffingar (KOFA) har pålagt gebyr på 230 000 kroner til Statens Vegvesen for ulovleg direkte anskaffing av grave- og rekkeverksarbeid.

I staden for å kunngjere gravearbeida og rekkverksarbeida i samband med bygging av ny gang- og sykkelveg, utførte Statens Vegvesen arbeida som eit endringsarbeid til ein gjeldande drift- og vedlikehaldskontrakt.

Klagenemnda fann at kontrakten om bygging av ein ny veg var eit sjølvstendig bygge- og anleggsarbeid, og av ein heilt annan art enn drift og vedlikehald av eit eksisterande vegnett. Kontrakten om bygging av gang- og sykkelveg kunne vanskelig seiast å stå i samanheng med det drift- og vedlikehaldskontrakten omfatta, og kunne ikkje utførast som eit lovleg endringsarbeid. Grave- og rekkeverksarbeida skulle difor vore kunngjort. Gebyret utgjorde 10 % av kontrakten sin verdi.

Ulovlege direkte anskaffingar sjåast som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket fordi manglande kunngjering medfører at kontrakten vert fullstendig unnateke frå konkurranse. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet.

Regelverket skal også sikre at allmennheita har tillit til at offentlige tenesteoppdrag tildelast på ein effektiv og objektiv måte, og at private aktørar i størst mogleg grad vert utsett for lik handsaming.

– Den ulovlege direkte anskaffinga sjåast som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket fordi manglande kunngjering medfører at kontrakten vert unnateke frå fri konkurranse. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet, uttalar sekretariatsleiar i KOFA Erlend Pedersen. Denne typen brot er derfor alvorleg.

Les heile vedtaket her 2011-349

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

E-post: erlend@kofa.no

Mobil: 924 29 706

Publisert: 20.11.2013 | Sist endret: 21.11.2013