Gebyr til Kvæfjord kommune for ulovlig direkte anskaffing av brøytetenester

Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) har pålagt Kvæfjord kommune gebyr på 180 000 kroner.

I staden for å kunngjere konkurransane om brøytetenestane i Doffin-databasen vart konkurransane berre annonsert i lokalaviser. Dette er ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle kravet til kunngjering slik at alle leverandørar som ynskjer det kan delta i konkurransen.

Kommunen meinte at kontraktane av ulike årsaker måtte sjåast kvar for seg. Klagenemnda viste til tidlegare praksis om dette, og fastslo at dei påståtte forholda ikkje kunne rettferdiggjere ei oppdeling av kontraktane.

Klagenemnda fann difor at kontraktane måtte sjåast i samanheng ved berekninga av anskaffinga sin verdi. Når så var tilfellet, vart verdien over kunngjeringsgrensa og når kontrakt var inngått utan kunngjering i DOffin-databasen låg det føre ei ulovlig direkte anskaffing. Gebyret utgjorde ca. 10 % av kontraktane sin verdi.

– Den ulovlege direkte anskaffinga sjåast som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket fordi manglande kunngjering medfører at kontrakten vert unnateke frå fri konkurranse. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet, uttalar sekretariatsleiar i KOFA Erlend Pedersen. Denne typen brot er difor alvorleg.

Les heile vedtaket her

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

Mobil: 924 29 706

E-post: erlend@kofa.no

Publisert: 20.02.2014 | Sist endret: 20.02.2014