Gebyr til Fitjar kommune for ulovleg direkte anskaffing av elektrisk kraft

Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) har pålagt gebyr på 545 000 kroner til Fitjar kommune for ulovleg direkte anskaffing av elektrisk kraft.

Fitjar kommune har kjøpt elektrisk kraft frå Fitjar kraftlag utan at kontrakten på noko tidspunkt har vore kunngjort.

Klagenemnda fann at kjøp av strøm direkte frå strømleverandør er ei vareanskaffing som må kunngjerast. Regelen i forskrifta § 2-1 (2) bokstav f om at berre forskrifta del 1, og dermed ikkje kunngjeringsreglane, kjem til bruk for «varer eller tjenester som kjøpes på børs, råvarebørs eller lignende marked» gjeld ikkje elektrisk kraft kjøpt direkte frå kraftleverandør. Kommunens kjøp av elektrisk kraft skulle difor vore kunngjort. Gebyret utgjorde 12,5 % av kontrakten sin verdi.

Regelverket skal også sikre at allmenta har tillit til at offentlege tenesteoppdrag blir tildelt på ein effektiv og objektiv måte, og at private aktørar i størst mogleg grad vert utsett for lik handsaming.

– Den ulovlege direkte anskaffinga sjåast som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket fordi manglande kunngjering medfører at kontrakten vert unnateke frå fri konkurranse. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet, uttalar sekretariatsleiar i KOFA Erlend Pedersen. Denne typen brot er derfor alvorleg.

Les avgjerda her

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

Mobil: 924 29 706

E-post: erlend@kofa.no

Publisert: 20.02.2014 | Sist endret: 20.02.2014