Romerike avfallsforedling IKS er pålagt gebyr for to tilfelle av ulovlege direkte anskaffingar av renovasjonstenester

Klagenemnda for offentlege anskaffingar har pålagt Romerike avfallsforedling IKS (ROAF) gebyr på 313 912 kroner for ulovleg direkte anskaffing av avfallstenester knytt til tømming av brunnar, og gebyr på 825 000 kroner for ulovleg direkte anskaffing av tømming av avfall langs vanskelege vegar.

I begge sakane meinte ROAF at tenestene var omfatta av dei kontraktane som var kunngjort for innsamling og handtering av avfall frå hushalda i områda dei aktuelle kontraktane gjaldt for. Klagenemnda fann at det var klart at kontraktane ikkje kunne gje grunnlag for gjennomføring av tenestene. Tenestene var dermed ikkje kunngjort og utgjorde ulovlege direkte anskaffingar.

I saka om tømming av brunnar la nemnda også mellom anna til grunn at realiteten syntes å vere at ROAF hadde forlengt ein avtale som ROAF tidlegare er pålagt eit gebyr for, utan at andre aktørar hadde fått anledning til å konkurrere om oppdraget. Nemnda fann at dette var skjerpande, og at det mellom anna ga grunnlag for å pålegge eit gebyr på 15 % av kontraktsummen. Dette er den høgaste gebyrsatsen som nemnda kan pålegge etter regelverket. I saka om tømming av avfall langs vanskelege vegar, utgjorde gebyret 13 % av kontraktsummen.

– Ulovlege direkte anskaffingar sjåast som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket fordi manglande kunngjering medfører at kontrakten vert unnateke frå fri konkurranse. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet. Regelverket skal også sikre tillit til at offentlige tenesteoppdrag blir tildelt på ein effektiv og objektiv måte, og at private aktørar i størst mulig grad blir handsama likt, uttalar sekretariatsleiar i KOFA Erlend Pedersen. Denne typen brot er difor alvorleg.

Les 2012-60 vedtaket her

Les 2012-61 vedtaket her

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

Mobil: 924 29 706

E-post: erlend@kofa.no

Publisert: 25.02.2014 | Sist endret: 25.02.2014