Gebyr til Frogn kommune for fleire ulovlege direkte anskaffingar

Klagenemnda for offentlige anskaffingar (KOFA) har pålagt Frogn kommune fire gebyr på til saman 453 000 kroner.

I staden for å kunngjere konkurransar om renovasjonstenester, røyr- og elektrikararbeid, hadde kommunen i 2010 fortsatt å kjøpe på grunnlag av kontraktar som blei avslutta i 2007. Kommunen hadde difor brote kravet til å kunngjere alle anskaffingar over 500 000 kroner. I tillegg hadde Frogn kommune i 2010 også kjøpt sakshandsamingstenester til Nav Frogn kommune utan å kunngjere anskaffinga først.

Kommunen meinte at sakshandsamingstenestene ikkje skulle kunngjerast fordi berre ein leverandør i marknaden kunne levere dei. Klagenemnda fann ikkje at unntaket kunne nyttast, sidan Frogn kommune ikkje hadde dokumentert at det berre var ein leverandør i marknaden.

Frogn kommune blei difor pålagt fire gebyr på til saman 453 000 kroner. Storleiken på dei varierer frå 10 til 11,5 % av kontraktane sin verdi.

– Manglande kunngjering gjer at kontraktar vert unnateke frå fri konkurranse. Difor er ulovlege direkte anskaffingar det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket, seier sekretariatsleiar i KOFA Erlend Pedersen

Les 2014/3 vedtaket her

Les 2014/4 vedtaket her

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

E-post: erlend@kofa.no

Mobil: 924 29 706

Publisert: 25.02.2014 | Sist endret: 25.02.2014