Askøy kommune er pålagt gebyr for å nytte uhøveleg lang tid på opphør av ulovleg direkte anskaffing etter klagenemndas gebyrvedtak i sak 2009/246.

Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) har pålagt Askøy kommune gebyr på 150 000 kroner for ulovleg direkte anskaffing av renovasjonstenester frå BIR Bedrift AS.

I klagenemndas avgjerd i sak 2009/246 av 22. februar 2011, blei Askøy kommune pålagt eit overtredingsgebyr på kroner 50 000 for ulovlig direkte anskaffing av renovasjonstjenester, på bakgrunn av at Askøy kommune hadde plikt å seie opp ein løpande avtale med BIR Bedrift AS som var inngått utan tidlegare kunngjering.

Etter klagenemnda sitt gebyrvedtak i sak 2009/246 gjekk det nesten 2 år før Askøy kommune fekk på plass ny kontrakt etter kunngjort anskaffing i samsvar med regelverket. Demokratene Askøy klaga difor Askøy kommune inn til klagenemnda på ny, med påstand om at Askøy kommune måtte bli pålagt gebyr for å bruke for lang tid på opphør av den ulovlege direkte anskaffinga.

Klagenemnda konstaterte at i tråd med tidlegare praksis utgjorde alle tenesteytingane som blei foretatt i medhald av den ulovlege avtalen med BIR Bedrift AS fram til 2. januar 2013 suksessive ulovlege direkte anskaffingar av samme art som fastslått i sak 2009/246.

Klagenemnda fann at den innklaga hadde handla grovt aktlaust ved ikkje å få på plass ny kontraktspart på eit tidlegare tidspunkt. Innklaga hadde grunngjeve den manglande oppseiinga med at ein gjorde ei rekkje forsøk på å konkurranseutsetje ny kontrakt, men at dette tok lang tid grunna uforutsette omstende. Klagenemnda vektla i formildande retning at innklaga ikkje kunne haldast ansvarleg for alle dei forholda som låg til grunn for tidsbruken. Etter klagenemnda si meining kunne likevel innklaga fått på plass ny kontrakt på langt kortare tid. Det blei vektlagt i skjerpande retning at den innklaga etter vedtaket i sak 2009/246 var vel vitande om at avtalen med BIR Bedrift AS var ei ulovleg direkte anskaffing, og at det låg føre ei fortløpande plikt til å sei opp avtalen. Gebyret utgjorde 9 % av kontrakten sin verdi.

– Ulovlege direkte anskaffingar sjåast som det mest alvorlege brotet på det offentlege innkjøpsregelverket fordi manglande kunngjering medfører at kontrakten vert unnateke frå fri konkurranse. Manglande konkurranse kan føre til at det offentlege brukar meir pengar enn naudsynt ved kjøp av varer eller tenester, eller at ein ikkje får det beste tilbodet, uttalar sekretariatsleiar i KOFA Erlend Pedersen. Denne typen brot er difor alvorleg.

Les avgjerda her

Kontaktperson

Sekretariatsleiar Erlend Pedersen

E-post: erlend@kofa.no

Mobil: 924 29 706

Publisert: 14.03.2014 | Sist endret: 17.03.2014