Tilbod for studentar – Ny frist

KOFA tilbyr skriveplass og masterstipend for studentar som skal skrive masteroppgåve om offentlege anskaffingar på juridisk fakultet.

Denne våren har vi for tredje gong selskap av ein masterskrivande student hjå vårt kontor i Bergen. Frå hausten kan det bli din tur, då i dei nye lokala til Konkurransetilsynet og KOFA-sekretariatet ved jernbanestasjonen.

Stipendet er på kr. 10 000, og vil tildeles den studenten som får skriveplass. I tillegg til økonomisk støtte og kontorplass, tilbyr vi fri tilgang til vårt bibliotek, lunsjavtale, og noko rådgjeving til den aktuelle problemstillinga.

KOFA-sekretariatet har og eit samarbeid med forskarar innan konkurranse- og marknadsrett ved juridisk fakultet på UiB, som du kan lese meir om her.

Søknad med problemstilling og karakterutskrift, sendast til post@kofa.no innan 20. mai 2016.

Publisert: 16.03.2016 | Sist endret: 06.05.2016